Styret for Nynorske litteraturdagar 2018

Nynorske litteraturdagar 19-21.oktober

No er det berre ei veke til hausten sitt kjekkaste helg startar! Små og store kan glede seg til eit variert program med noko for ein kvar smak.

Det vert alt frå sannsoger og spik til "lokale stadnamn"-utfordring, urframføring av verket "Verdsarv", bokpresentasjonar i ulike former, til Sivle-barnetime og forteljarsti . Ordskifte som går føre seg laurdagen vonar me at mange vil vera med på. Ungdomane våre møter ordførarane og saman skal dei snakke om kva som er viktig å ivareta i bygdene våre. Har dei same prioritering?

Du kan lese meir om arrangementa på www.nynorskelitteraturdagar.no , billettar finn du på www.ticketco.no og du finn oppdateringar og anna på facebooksida til Nynorske litteraturdagar. Det er like før det brakar laust - me gledar oss til å kome i gang!

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland