Kommunen arbeider med å sjå på kva konsekvensar dette kan få for områdeplanen for Flåm.

Her kan du lese brevet frå NVE

NGI har lagd farekart for oppskylling av flodbølgjer i Aurlandsfjorden etter eit mogleg skred frå Stiksmoen. Fordi Stiksmoen ligg nær Flåm sentrum, er det nettopp dette området som er mest utsett. Utgreiinga syner at det er større sannsyn for oppskylling av bølgjer enn tidlegare analyserte områder (Joasetbergi).

Her kan du lese rapporten for oppskylling av flodbølgjer frå NGI.

Fjellpartiet er kartlagt av NGU. Resultata frå kartlegginga syner at fjellpartiet har ei årleg nominell sannsyn for skred på mellom 1/100 og 1/1000. Median gjentaksintervall for skredet er vurdert til å vere 237 år. Skredvolumet er rekna å vere på ca. 400.000 kubikk.

Eit mogleg skred vil skape ein flodbølgje som truar Flåm sentrum. NGU har modellert utløp og rekna ut at ca. 600 personar kan verte ramma av skred og flodbølgje. Sannsynet for skred til saman med dei moglege konsekvensane av skredet gjer at fjellpartiet er klassifisert som høgrisikoobjekt, og vert overvaka kontinuerleg. Instrumenteringa er påbegynt og vert ferdig i 2022.

Her kan du lese den geologiske rapporten frå NGU.

 

Saka er også omtalt i Bergens Tidende