Sjølvregistrering av positiv hurtigtest

Me ynskjer no at alle som har fått positiv hurtigtest/heimetest på korona, registrerer resultatet sjølv på kommunen sitt smitteporingssystem ReMin.

 

Korleis gjer du dette?

For å få registrert ein positiv hurtigtest må du logge deg på med elektronisk ID. Trykk på lenka under og start registrering ved å følge stega inne i registreringsskjemaet.

Registrere positiv hurtigtest

 

Du kan registrere for andre

Du kan også registrere positive hurtigtester for andre enn deg sjølv, til dømes barn eller andre. Du loggar deg då inn i løysinga som deg sjølv, og velgjer kven du skal registrere test for. For å registrere test for andre må du ha fødsels- og personnummer for personen klart.

 

Registrer og varsle nærkontaktar

I skjemaet blir du også beden om å registrere nærkontaktar du har hatt 48 timer før du fekk symptom, eller 48 timer før du tok hurtigtest (om du ikkje har symptom). Nærkontaktar er dei du har vore mindre enn 2 meter frå, i over 15 minutt. Hugs at du sjølv må varsle dine nærkontaktar.

 

Kva skjer når eg har registrert ein positiv test?

  • Dersom du har fått 3 vaksinedosar, eller har fått 2 doser og har gjennomgått korona siste tre månader, treng du ikkje lenger ta PCR- test når du får positiv hurtigtest. Du må berre registrere test-resultatet i lenka over, og vere i isolasjon i 6 dagar. 
  • Dersom du har fått 2 dosar korona-vaksine eller færre, må du bestille ein PCR- test, etter at du har du har registrert din positive hurtigtest.
  • Når du har registrert ein positiv hurtigtest, vil du få en SMS som forklarer kva du og din nærkontaktar skal gjere.

Test kan tingast ved AURLAND LEGEKONTOR på telefon 95984625. Denne telefon kan og nyttast ved andre spørsmål om testing.

 

Testing erstattar smittekarantene for nære nærkontaktar

Frå 26.1 kjem nye reglar for smittekarantene, og slik blir reglane:

Smittekarantene på 10 døgn for nærkontaktar kan erstattast med:

  • dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • husstandsmedlemmer og tilsvarende nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smitta sin isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld også barn.
  • I tillegg til testregime bør nærkontakter bruke munnbind innendørs på offentleg stad og å unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Tilråding om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skulebarn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
  • følg med på eventuelle symptom under hele perioden.
  • ved symptomer skal ein halde seg heime og ta ny test.

Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje følgjer testregimet må vere i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.

 

Ingen smittekarantene for andre nærkontaktar

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære den smitta blei oppheva 13. januar. Personane vert tilrådd å teste seg 3 og 5 døgn etter nærkontakten, og dei bør følgje godt med på symptom i 10 døgn. Ved symptom skal ein halde seg heime og teste seg.

Du kan lese meir om den siste endringene og bakgrunn for dette på :

Testing erstatter smittekarantene for nærkontakter - regjeringen.no

Har du bruk for hurtigtestar for å gjennomføre slik testing, kan du få desse utlevert frå kommunen. Meir informasjon om utlevering kjem snarleg. Førbels kan de kontakte legekontoret for utlevering, bruk telefon 95984625.