Kapittel 1. Allmenne føresegner

§ 1-1.Offentleg stad

Med offentleg stad er det meint gate, veg, fortau, sti, medrekna gang- og sykkelveg, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 1-2.Ansvar og plikter for festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som er lagt på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leigar eller styrer eigedomen.

Kapittel 2. Orden på offentleg stad

§ 2-1.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed ein offentleg stad må ingen vere med i oppløp, samanstimling, larm eller bråk som forstyrrar den allmenne orden eller ferdsel.

Den som ferdast på eller like attmed offentleg stad pliktar å halde nattero mellom kl. 23.00 og kl. 06.00.

Dersom mange menneske samlar seg ved inngangen til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde ved lag den allmenne orden eller regulere ferdsla.

§ 2-2.Køyring, camping mv. i parkar, grøntareal, friområda o.l.

I offentlege parkar, grøntareal, friområde, på, ved eller under vegar eller plassar i tettbygd strøk er telting, camping e.l. forbode, med mindre anna kjem fram av skiltinga på staden.

I offentlege parkar, grøntareal og friområde er det forbode å køyre og parkere motorkøyretøy, med mindre noko anna går fram av skiltinga på staden.

§ 2-3.Framvising og andre publikumsretta aktivitetar

Den som på eller ut mot offentleg stad vil opptre eller utføre andre publikumsretta aktivitetar, må på førehand gje melding til politiet, uavhengig av om aktivitetane skjer ved bruk av høgtalar o.l.

Det same gjeld den som på eller i nærleiken av offentleg stad ynskjer å bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 2-4.Tigging

Tigging på offentleg stad eller frå hus til hus er forbode.

§ 2-5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen, under dette paintball, softgun, sprettert o.l.
2. å skyte med boge, utføre øksekasting e.l. i organisert form, utan løyve frå politiet.
3. å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er ikkje eit slikt krav om løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl. 18.00 til 1. januar kl. 02.00.
4. å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel 3. Sikring av ferdsla

§ 3-1.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å plassere eller montere noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla eller som hindrar fri sikt til trafikkskilt o.l.

Markiser eller anna som henger utover fortau, skal på det lågaste vere minst 2,5 meter over bakken.

§ 3-2.Dyr

Det er forbode å la husdyr gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

§ 3-3.Aktivitetar

Politiet kan forby kvar einaste form for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad når dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den alminnelege orden.

§ 3-4.Ferdsel på islagt vatn eller sjø

Politiet kan av tryggleiksgrunnar forby eller gje regulerande føresegner for ferdsla på islagt vatn eller sjø.

§ 3-5.Sperring av offentleg stad

Krev byggjearbeid e.l. at fortau, gate, veg eller ein anna offentleg stad blir heilt eller delvis sperra for eit avgrensa tidsrom, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet, som kan setje nærare vilkår.

§ 3-6.Byggjeverksemd mv.

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggleikstiltak til vern for publikum.

§ 3-7.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby særlege tryggleikstiltak.

§ 3-8.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet med ein gong å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 3-9.Fare for ras frå tak

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsla er forbunde med fare eller ulempe, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 3-10.Fjerning av sperrar

Avsperringar, avvisarar og liknande innretningar blir fjerna når det arbeid som er nemnt i § 3-6§ 3-7 og § 3-8 er utført, eller faren eller ulempa som er nemnt i § 3-9 ikkje lenger er til stades.

Kapittel 4. Reinhald på offentleg stad

§ 4-1.Reingjering av lys- og luftegraver

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å sørgje for reingjering av lys- og luftegraver som er i beinveges nærleik til eigedomen.

Reinhaldet skal gjerast slik at det blir til minst mogleg ulempe.

Kloakksluk må ved reinhald ikkje tilførast oppsop e.l.

§ 4-2.Rydding av snø etter ras frå tak

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar etter ras frå tak å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is.

§ 4-3.Avlaup for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avlaup for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. blir haldt open.

Kapittel 5. Hindre forsøpling og tilgrising

§ 5-1.Hindre forsøpling og tilgrising

På, ut over eller i beinveges nærleik til offentleg stad er det forbode:

1. å kaste avfall, under dette glas, flasker, spikar, papir, tyggjegummi og tobakksprodukt
2. å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og transportmiddel
3. å henge opp kunngjeringar, plakatar e.l., utan tillating frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjent av kommunen til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om forhold som berre vedkjem eigedomen eller næringsverksemd til dei som disponerer eigedomen.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4. å urinere utandørs i tettbygd strøk eller på stader der det kan verke sjenerande på andre.

§ 5-2.Rydding ved kiosksal, arrangement o.l.

Den som driv med sal frå kiosk, uteservering, gatesal eller anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal sørgje for at området ikkje blir skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å sørgje for at det blir satt opp tilstrekkeleg tal med korger for avfall. Rett etter stengjetid pliktar verksemda å rydde området og fjerne avfall som skyldast aktivitetar frå verksemda.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal sørgje for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel 6. Offentlege anlegg

§ 6-1.Kyrkjegard og gravplass

På kyrkjegard og gravplass er det forbode å sykle, ake, drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Kapittel 7. Arrangement på offentleg stad

§ 7-1.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, òg som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 7-2.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement

Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må i god tid forut for arrangement sende melding til politiet, når arrangementets art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad.

Meldeplikta gjeld òg samankomst eller tilstelling som hovudsakleg er av selskapeleg eller underhaldande art for medlem av ei foreining e.l. samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 7-3.Offentleg arrangement som barn har tilgang til

Barn under 15 år har ikkje åtgang til offentleg allment tilgjengeleg tilstelling etter kl. 22.00 utan at dei er i følgje med foreldre eller andre føresette.

Politiet kan gje dispensasjon ved tilstellingar som arrangerast spesielt for barn og unge under 18 år.

Kapittel 8. Pantelånarverksemd

§ 8-1.Pantelånarverksemd

Den som har fått løyve til å drive pantelånarverksemd skal føre protokoll, autorisert av politiet, over alle lån og kjøp. Politiet kan setja nærare vilkår for verksemda.

Kapittel 9. Ymse føresegner

§ 9-1.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i denne, kan politiet la det utførast på vedkomandes kostnad.

§ 9-2.Straff

Brot på føresegner gjevne i vedtekta eller pålegg gitt i medhald av vedtekta, straffast etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under eit strengare straffepåbod.

§ 9-3.Iverksetjing

Denne vedtekt trer i kraft 1 månad etter at den er stadfesta av Politidirektoratet.

Frå same tid opphevast forskrift 31. mars 1966 nr. 3499 om politivedtekt, Aurland kommune, Sogn og Fjordane fylke.

Forskrift om politivedtekt for Aurland kommune, Vestland - Lovdata