Byggsak

Nye digitale løysingar for byggesøknadar

ByggSøk vert stengt for nye byggesøknadar 1.oktober i år. Direktoratet for byggkvalitet har derfor utvikla nye digitale løysingar som kan takast i bruk allereie no. 

Profesjonelle aktørar kan bruke digitale søknadsløysingar for å sende inn:

  •  Nabovarsel
  •  Rammeløyve
  •  Igangsetjingsløyve
  •  Eittrinnssøknad
  •  Ansvarsrett
  •  Gjennomføringsplan
  •  Endringssøknad
  •  Midlertidig bruksløyve
  •  Ferdigattest

Løysinga tilpassa ulike målgrupper, som mellom anna arkitektar og røyrleggarar. Søknadane vert kontrollert opp mot regelverket før dei vert sendt inn for å sikre at søknaden er komplett. Dette gjer at søknaden kan behandlast raskare i kommunen.

Privatpersonar kan sende inn nabovarsel digitalt via desse tenestene. Nye digitale søknadsløysingar for privatpersonar er under utvikling og vil kome i løpet av året. Link til enklare skjema finst på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

For private søkarar kan byggesøknad framleis sendast til kommunen på e-post til post@aurland.kommune.no eller vanleg post til postadresse:

Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland