Forskarane ønskjer å vite korleis innbyggjarane i cruisehamner på Vestlandet har opplevd sommaren. Dette gjeld folk i Ålesund, Geiranger, Hellesylt, Nordfjordeid, Olden, Flåm, Bergen, Eidfjord, Haugesund og Stavanger.

Viss du vil delta, finn du ei nettbasert spørjeundersøking her: https://www.surveymonkey.com/r/utencruiseturisme

Undersøkinga er del av eit forskingsprosjekt der målet er å kartlegge følgjene av ein sommar utan cruiseturistar. Forskarane ser både på økonomi og miljø, i tillegg til å kartlegge korleis innbyggjarar i cruisedestinasjonane har opplevd fråværet av cruiseturistar.

Svara forskarane kjem fram til i denne delen av studien, vil vere viktige for cruisedestinasjonar som må tilpasse seg korona-pandemien på kort og kanskje lang sikt. Studien er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Finansieringa kjem frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet. 

Les meir om prosjektet her.

Kontakt:
Anna Maria Urbaniak-Brekke (forskar)
amb@vestforsk.no, 90 11 52 57