Ny søknadsomgang produksjonstilskot oktober 2018

Hugs neste søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket som er  15.oktober 2018.  Du kan ikkje levera søknaden før registreringsdato 1.10.

No kan søknaden berre leverast elektronisk via Altinn.
Du må oppgje anten e-post eller mobilnummer for å få sendt inn søknaden. Det er viktig at du trykker på ”kontroll søknad” og ”send søknad” for at den skal bli innsendt.

Viktige datoar for søknadsomgangen i oktober 2018:
- 1.oktober som er teljedato
- 15.oktober søknadsfrist
- 29.oktober frist for å etterregistrera/korrigera opplysingar i innsendt søknad
- 10.januar 2019 frist etterregistrera sanka dyr frå utmarksbeite, avløysarutgifter og levert frukt/bær.

Opplysningar denne søknadsomgangen er:
-           dyrtal pr 1.10
-           arealopplysingar
-           dyr på beite/utmarksbeite
-           avløysarutgifter 2018
-           grovfôrsalg
-           bevaringsverdige husdyrraser
-           levert frukt/bær 2018 (nye reglar frå 2018)

Søknadsfristen 15.oktober er absolutt, men det vil vera mogleg å endra opplysingar 14 dagar etter fristen. Få registrert søknaden din innan 15.oktober, so kan du heller gå inn å korrigera opplysingar i etterkant.

Aktuell informasjon om søknadsomgangen i oktober 2018 finn du på Landbruksdirektoratet sine sider. Søkjar er sjølv pliktig å setta seg inn i gjeldande regelverk.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                        

RMP (Regionalt miljøprogram) 2018

Søknadsfrist for RMP er 15. oktober 2018. Leverer du søknaden etter fristen vil tilskottet bli redusert med kr 1 000,- for kvar dag etter fristens utløp.

Me oppfordrar til at søknadar om RMP vert levert elektronisk via Altinn.

Det tek mindre tid og det er lettare at alt vert rett med ei gong.

All relevant informasjon for RMP 2018  vil vera tilgjengeleg på  https://www.fylkesmannen.no/nb/Sogn-og-Fjordane/Landbruk-og-mat/Miljotiltak-i-jordbruket/Regionalt-miljoprogram1/?id=44353  . Søkjar er sjølv pliktig å setta seg inn i gjeldande regelverk.

Hugs at alle tiltak som vert søkt om tilskot til skal kartfestast utanom ”tilskot til beitedyr i verneområde”. Ved elektronisk søknad skal kartfestinga gjerast elektronisk i søknaden. Ved papirsøknad skal kartfestinga gjerast ved innteikning på papirkart som vert lagt ved søknaden. Kartfestinga skal berre gjerast fyrste gongen (kartdata vert lagra i datasystemet), og seinare kun som oppdateringar ved eventuelle endringar i søknaden.

Tiltak i kart fra tidligere år kan hentes opp i årets søknad. Det er viktig å venta med å teikna inn nye ting til etter importen er gjort. Viss det vert valt å importera tiltak etter at ein har begynt å teikna, vil alt som er teikna i 2018 verta overskrive.

Ver obs på at ”tilskot til beitedyr i verneområde” heiter ”beite i utmark”, men tilskotet gjeld framleis berre for beitedyr i utvalde verneområde og nasjonalparkar som tidlegare.

Frå 2018 er det endringar i ordninga for «tilskot til bratt areal». Det er no krav om at arealet skal haustast og graset nyttast til fôr. Det er ikkje nok å berre bruka beitepussar.

I staden for krav om miljøplan for å ha rett på RMP-tilskot er det no eit krav om godkjent gjødslingsplan og journal over plantevernmidler (for den som brukar det) for å få utbetalt RMP-tilskot. Har du ikkje godkjent gjødslingsplan kan du heller ikkje søkja på RMP-ordninga.

Ta kontakt med Felles Landbrukskontor ÅLA i god tid dersom du har spørsmål eller treng hjelp. Hugs å ta med påloggingsinformasjon til Altinn. (td MinID eller Bank-id).