Prosjektet er i samsvar med nyleg vedteken områdeplan for Flåm sentrum og prosjektet "Aurland trafikk og parkering" som legg til rette for parkeringsbetaling.

Det skal etablerast 181 parkeringsplassar for bilar og 25 plassar for campingbil. Arealet skal opparbeidast med tilhøyrande framkomstveg og tilpassing av avkøyrsler. I tillegg skal arealet ha ei løysing for 11 ladepunkt for bil og tre ladepunkt for bussar. Det skal etablerast tilhøyrande grøntstruktur. 

Heile anlegget med parkeringsareal, infrastruktur og grøntareal er om lag 11,3 daa.  

Skjermbilde_ny_parkeringsplass.JPG

Anlegget vil stå klart for asfaltering 03.07.2023.

Anlegget er detaljprosjektert av Norconsult AS.

Entreprenøren som vant oppdraget er Ottar Dvergsdal AS. 

Ekstern byggjeleiar er Kjell Tokvam AS.

Frå Aurland kommune er Henning Elgåen prosjektleiar, Jan Olav Å. Møller prosjekteigar, medan Formannskapet er prosjektstyre.

Ta kontakt med prosjektleiar Henning Elgåen; henning.elgaen@aurland.kommune.no ved spørsmål.