Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal, vart på rådsmøte den 23. juni 2020 valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2020-2021.
Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, vart på same tid valt til nestleiar.
Hovudsekretariatet følgjer leiar og vert fom. dd. lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark for dei neste to åra.

Trygve Skjerdal - leiar i Verdsarvrådet

Leiar Verdsarvrådet: Trygve Skjerdal.
Kontaktinfo: 95 98 46 38/ 576 32 900.
Epost: trygve.skjerdal@aurland.kommune.no
Kommentar frå Trygve Skjerdal:
«Verdsarvrådet si viktigaste oppgåve er å bidra til å ta vare på vårt verdfulle og vakre fjordlandskap. Både vår generasjon og komande generasjonar skal kunne oppleve desse unike verdiane, og samstundes få ei stadfesting på kor viktig kombinasjonen av busetnad, næring, naturbruk og tradisjonar har vore, og er, for å ta vare på dette landskapet. Som leiar i rådet skal eg arbeide aktivt for å videreføre dette».

Eva Hove nestleiar Verdsarvrådet

Nestleiar: Eva Hove.
Kontaktinfo: 97 01 50 14/ 418 67 800.
Epost: eva.hove@fjord.kommune.no
Kommentar frå Eva Hove:
«Verdsarvrådet har ei svært viktig rolle og eit stort ansvar. Rådet skal bidra slik at det
vestnorske fjordlandskapet vert forvalta på ein berekraftig måte. Vi skal ta vare på desse
unike kvalitetane til glede for både samtidige og framtidige generasjonar. Å bli valt inn i
leiarskapet for Verdsarvrådet er sjølvsagt både ei stor ære og eit stort ansvar. For meg er
dette arbeidet svært viktig, og eg ser fram til det vidare arbeidet i rådet.»

 

 

Kontaktinfo Verdsarvsekretariatet:
Sekretariat Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap/
Sekretariat Nærøyfjordområdet: Erling Oppheim
Tlf: 95 17 25 95.
Epost: erling@naroyfjorden.no
Postadresse: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland.

Sekretariat Geirangerfjordområdet: Katrin Blomvik
Tlf: 70 26 38 10 / 95 42 73 90
Epost: katrin@verdsarvfjord.no
Postadresse: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, 6216 Geiranger.
Nettside Vestnorsk fjordlandskap:
www.verdensarv.com