Revisjonsdokument (2)_300x397.jpg

Revisjon av konsesjonsvilkår for Arnafjord og Vikvassdraga i Vik,

Aurland og Voss kommunar

På bakgrunn av krav frå Vik kommune, Voss kommune, Nærøydalselva elveeigarlag, Norsk Villaksbevaring og føringar frå NVE, har Statkraft utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg høyring og alle med interesse i saka kan uttale seg.

Revisjonsdokumentet kan lastas ned på sia her. Dersom du ønskjer ein papirversjon kan du kontakte Linda Helland hos Statkraft tlf 24 06 70 00 eller e-post: linda.helland@statkraft.com

Revisjonssaken er relatert til 070.5ZC Arnafjord- og Viksvassdraget med RevID: 501 i NVE Rapport 49/2013

Revisjonsdokument (Statkraft, oktober 2020)

Høyringsbrev

Link til konsesjonssaka på NVE sine heimesider

Fråsegner sendast fortrinnsvis via sakas nettside på www.nve.no/konsesjonssaker. Fråsegner kan alternativt sendast med e-post til nve@nve.no, eller med vanleg post til NVE - Konsesjonsavdelinga, postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Fristen for å sende fråsegner er 1. april 2021. Fråsegner eller delar av fråsegner vil bli referert i innstillinga i saka frå NVE til Olje- og energidepartementet (OED). Om fråsegna er lang, er det difor ein fordel om det er utarbeidd eit samandrag som kan brukast til dette. Fråsegnene er offentlege dokument. Sentrale saksdokument blir lagt ut på NVE sine internettsider.