Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
NAv Aurland

NAV Aurland

Mottaket ved NAV Aurland opningstider:

NAV Aurland nyttar timeavtalar
Opningstid utan timeavtale tysdag kl 10:00  – 14:00

Kontaktsenter har spesialnummer for pensjon, 55 55 33 34 og for arbeidsgjevar / lege 55 55 33 36.

Ein kan nå NAV-kontoret i deira kanalar på telefon 55 55 33 33 og på www.nav.no via Din side, Chat og spør oss. 

For dei som treng kommunale tenester frå NAV utanom opningstid:
Dersom du har behov for sosialhjelp eller midlertidig bustad kan du ringje sentralbordet 57 63 29 00 for å gi beskjed om at du treng time, evt går i servicesentralen på Rådhuset. Rettleiar på NAV blir kontakta. I tillegg kan ein ringe kontaktsenteret på NAV 5555 3333 for å bli sett over til rettleiar.
 

For meir informasjon gå til NAV. no 

Alarmtelefon for barn og unge

800Gjeld

Ei av Nav sine primæroppgåver er å få folk i arbeid.

Av den grunn er arbeidsgjevarar ein viktig samarbeidspart for Nav. Her er ein oversikt over verksemder (med 2 tilsette eller fleire) i Aurland kommune. Nav registrerer dei verksemdene som ein er i kontakt med slik at marknadsarbeidet  i kommunen er målbart. Lista er oppdatert januar 2019.

Sosiale tenester omfattar fylgjande:

  • råd og rettleiing
  • økonomisk sosialhjelp
  • gjeldsordning
  • oppfølging av arbeidsledige
  • oppfølging av flyktningar og introduksjonsprogrammet
  • husbankordningane: Bustønad/startlån
  • Digital søknad om sosialhjelp

Sosialhjelp kan ein no søkje digitalt i Aurland kommune. Det er NAV si heimeside som skal nyttast. Ein loggar seg inn som personbrukar.

Det er fleire føremoner med løysinga. Søknad kan leverast utanom opningstida. Behovet for dokumentasjon er redusert. Dokumenta som krevst, kan lastast opp elektronisk. Løysinga innhentar mykje informasjon elektronisk, t.d. inntekt og skatteopplysningar.

Sakshandsaminga er raskare og tryggare. Personleg møte blir tilbydt ved ynskje og behov

 

Aktuelt lovverk:

Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen ( sosialtjenesteloven)

Sosialtenesta har ansvar for råd, rettleiing og sakshandsaming heimla i Lov om sosiale tenester. Tenesta skal ha som mål å fremja økonomisk og sosial tryggleik, betra levevilkåra for vanskelegstilte, bidra til auka likeverd og likestilling og førebyggja sosiale problem.

Teieplikt

Alle tilsette i sosialtenesta har teieplikt, og kan ikkje gje informasjon utan ditt samtykke.

Tilsette

Einingsleiar NAV:
Einar Moen, mobil 90991539

Tilsette:
Aud Marit Vikesland tlf. 55 55 33 33
Anna Stave tlf. 55 55 33 33
Dina Ohnstad tlf. 55 55 33 33
 

NAV 
Tlf: 55 55 33 33

Kontaktsenter pensjon: 
Tlf: 55 55 33 34
Arbeidsgjevar/Lege
Tlf: 55 55 33 36  

Einingsleiar NAV:
Einar Moen,
Mobil: 90 99 15 39

Tilsette:

Aud Marit Vikesland 
Tlf: 55 55 33 33

Anna Stave
Tlf: 55 55 33 33

Dina Ohnstad
Tlf: 55 55 33 33

Flyktningteneste i Lærdal og Aurland:
Fagleiar Ingvill Sjøthun i permisjon
Mobil: 474 59 365

Rettleiar Serif Isic
Mobil: 907 62 316