Bufdir

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge

Målet med midlane er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som inneber at: 
barn og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative mestringsarenaer
Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan søkje om midlar. Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet. Link til utlysinga HER 
 
Søknadsfristen i år er 13.12.19. Det må søkjast elektronisk gjennom Bufdir sin søknadsportal. Kontaktperson i Aurland kommune er HR-sjef Norunn Haugen