Kommunevåpen Aurland kommune

Søk om tilskot frå kommunale næringsfond

Aurland kommune er tildelt midlar av krisepakke fase 3, som regjeringa har oppretta til mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving til kommunar som er hardt råka av korona. Løyvinga skal setje kommunane i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale. Tilskotsordninga gjeld for alle næringar.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar, og midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet. Det er ikkje krav til at tilskot skal ha forankring i fylkeskommunale eller kommunale planar.

I korte trekk vil Aurland kommune løyve midlar til:

- tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

- tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet

- tiltak som kjem raskt i gang

 

Søknadsskjema finn du her.   

 

Søknadsfrist for midlane er 15. september 2020 og 1. november 2020. Tildelinga kjem i tillegg til konsesjonsavgiftsfondet med søknadsfrist 1. september. 

Tildelinga følgjer reglar for offentleg støtte, der bedriftsstøtte kan gjevast etter reglar for bagatellmessig støtte. Det er difor viktig at bedrifter som søkjer gir ei oversikt over kva offentleg støtte bedrifta har mottatt tidlegare.

Vidare er det utarbeida ei eiga midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følgje av covid-19- utbrotet som du finn her.  Søkjar må gjere seg kjent med innhaldet i forskrifta.

Eventuelle spørsmål knytt til utlysinga kan rettast til næringsrådgjevar i Aurland kommune, Ingeborg Lysne, epost: ingeborg.lysne@aurland.kommune.no eller telefon 46782385.

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland