Om ein blir sjuk med feber, hoste, tung pust eller mister smaks- eller luktesansen kan ein ha kronavirussjukdom (covid-19).

Symptoma kan være milde hos mange, særleg hos born. Det er mest sannsynleg at ein er smitta om ein blir sjuk etter å ha hatt nær kontakt med ein anna koronasjuk person, eller vore i nær kontakt med større grupper av menneske.

Det er lite sannsynleg at ein har covid-19 om ein ikkje har feber eller luftvegssymptom. Men ring fastlegen om du er i tvil.
Tilsette, born eller elev i barnehage, skule eller skulefritidsordning og andre med mistenke om covid-19, skal fortrinnsvis sjå det an heime i 2 døgn før test vurderast.

Kor kan ei få ta ein koronatest?
Koronatesting vert gjort ved Aurland legekontor. Ta kontakt med legekontoret på tlf. 57 63 29 99.

Uavhengig av dette kan ein ved behov for helsehjelp som ikkje kan vente ringe til legevakt på tlf. 116117.

Når det er fare for liv og helse skal ein ringe akuttmedisinsk nødtelefon 113.

TISK
Ein av dei tinga Helsedirektoratet og mange andre land har stort fokus på no er det som kallast TISK-strategien: testing – isolering – smittesporing – karantene.
Me er no i ein situasjon der ein kan begynne å teste alle med symptom på koronavirussjukdom, også dei med milde symptom, slik at dei kan isolerast og ikkje smitte andre. Då kan kommunen drive effektiv smittesporing, dvs. å kartlegge kven den sjuke har vore i kontakt med dei siste 48 timane før vedkomande blei sjuk og fram til påstarta isolasjon, som er den perioden ein i praksis kan ha smitta andre. Om ein finn at nokon har hatt nærkontakt med den sjuke må desse i karantene.