Heldigvis er det no kome tilbake berre negative prøvar frå dei undersøkte i Flåm etter at det var smitta på besøk her. Folk frå Aurland har også vore på fest i Sogndal, men me har heller ikkje fått nokon positiv prøve her i kommunen etter dette.

Eg vil oppmode alle om å vere ekstra obs framover. Vèr nøye med avstand til andre – og hugs handhygiene. Er du forkjølt, eller har andre symptom frå luftvegane, skal du halde deg for deg sjølv, og be om korona-test. Ein del dei som vart smitta i Sogndal, hadde fått vaksine. Ver difor obs – også om du er vaksinert. Unngå helst å dra på fest no, og hald god avstand om du må. Har du vore på fest, kan det vere lurt å ta koronatest uansett ( mange smitta i Sogndal hadde lite/ingen symptom). Hjelp serveringsstader og butikkar med å halde smittevernreglane som gjeld.

Ved legekontoret blir det stadig utført koronatestar kvar dag kl 12.30. Ring mellom kl 08.30-11 for å lage avtale om test.

Takk for at de hjelper til med å halde smitterisikoen så låg som mogleg! Alle er lei dette no, men me er diverre ikkje heilt i mål enno.

 

Smittevernlege i Aurland,
Frøydis Gullbrå