Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Arbeidsoppgåver
- Musikkundervisning individuelt og i grupper som pianolærar, eventuelt også andre instrument
- Samarbeid om arrangement og konsertar
- Samarbeid med kommunale tenester og det frivillege musikklivet i Aurland
- Må rekne med å jobbe dagtid, ettermiddag og kveld etter fast arbeidsplan

Me tilbyr
eit godt kvalifisert og engasjert kulturskulemiljø. Du vil bli ein del av vårt gode team, og gode arbeidsplass. Me vil ta godt imot deg som ny her hjå oss.
Nyoppussa musikklokale for tilsette og elevar som er innflyttingsklart til våren 2020. I dei nye lokala er det både kontor/arbeidsrom og undervisningsrom.

Kvalifikasjonar
- pianolærar
- dirigent for kor
- det er inga ulempe om du kan fleire instrument som trekkspel/ gitar/ bassgitar/ slagverk/ dans
- har erfaring frå gruppeundervisning
- digital kompetanse
- som du sikkert skjønnar så treng me ein nytilsett som er fleksibel, humørrik og full av energi, og som har lyst til å vere med oss på laget.

Søknadsfrist 12.04.2020