Målet med prosjektet er å betre miljøtilstanden i elva og samstundes ta omsyn til flaumsikring og eit attraktivt nærmiljø. Aktuelle tiltak er steinutlegg som er bra for fisk og bremsar erosjonskreftene ved flaum, eller sideløp/kilar som gjev betre miljøforhold og samstundes aukar avlaupskapasitet ved flaum. Ved rett utforming kan vi få til ein attraktiv og naturtypisk elvenatur til fordel for fastbuande og turistar. Elvane i Aurland kommune og då særleg Aurlandsvassdraget, Nærøyvassdraget og Flåmsvassdraget er verdenskjende turistmagnetar. 

Frå synfaringa, foto Jan Olav Å. Møller

Synfaringa vart eit nyttig møte. Vi gjekk gjennom Flåmsvassdraget mellom Leinafossen og munninga i fjorden. Det kom inn mange gode innspel frå deltakarane. 

Leina kraftstasjon, foto Espen Olsen.

Ved Flåm kyrkje vart det oppdaga fire pukkellaks der NORCE og elveeigarlaget klarte å ta ut to av dei. På foto under er leiar i Flåm elveiegarlag Terje Hilstad med pukkellaks, foto ved Ulrich Pulg.

Terje Hilstad, foto Ulrich Pulg

Det vil bli gjennomført tilsvarande synfaring saman med elveeigarlag i Nærøyvassdraget når framlegg til løysingar er utarbeidde. 

NVE har gjeve tilskot på kr 1,4 mill til prosjektet for Flåmsvassdraget.  Miljødirektoratet har gjeve tilskot på kr 300 000,- til prosjektet for Nærøyvassdraget. 

Vidare arbeid
Les meir om prosjekta og framdriftsplanen her.