Deltaking i veterinærvakt

Lyst til å vera veterinær i Sogn?

Det er ledig to stillingingar som veterinær i vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland.

Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt. Ordninga med veterinærvakt er etablert i høve lov av 15.juni 2001 nr 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3a.

For vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland ligg det føre ein kontrakts periode frå 1.1.2018-31.12.2021. Me har tredelt vakt.

Til denne vakta treng me to nye veterinærar,  med start frå 1.januar 2020.

Om vaktdistriktet
Me har ein god del småfe – sau og geit, nokre storfebesetningar og kjæledyr som treng behandling i vakttida. Det er sesongbasert arbeidsoppgåver med travel lamming, roleg sommar og inseminering på storfe vinterstid. 

Vakt distriktet kan tilby kommunal støtte til vakt på dagtid, og felles kontorlokale med nødvendigt utstyr. Me vil og hjelpe til med å skaffa bustad.

Sogn ligg vakkert til innerst i Sognefjorden. For friluftsinteresserte er det eit ypparleg utgangspunkt for fantastiske naturopplevingar, både sommar som vinter med jakt, fiske, skisport, fjellvandring, fjellklatring og padling. Kommunen har og eit rikt kulturtilbod, med aktive lag og organisasjonar.

Dersom du har lyst til å komma til Lærdal å delta i veterinærvakta, ber me om at du melder di interesse snarast og innan 1.desember 2019. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 57641200 eller på e-post til post@laerdal.kommune.no
Vererinær Ingrid Hval kan og kontaktast på tlf 90108469.

Kontaktinformasjon
Lærdal kommune, boks 86, 6886  LÆRDAL
Telefon: 57641200
E-post: post@laerdal.kommune.no
Søknadsfrist 1.12.2019

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland