Turdag torsdag 10.09 starta med litt undervisning ute på skuleplassen. Her prata me om kva som veks på tre og busker, og i jorda og mykje av dette kan me nyte no om hausten. Anne Line hadde med seg hasselnøter ho sjølv hadde plukka. På vegen nedover prata me om ulike blader, blomar og dyr. Heime hjå Anne Line gjekk me i grønsakshagen å fann alt me trengte til grønnsaksuppa. Her hjalp alle til med å finne grønsaker, dela opp og setta på kok. Då suppa sto på kok gjekk ungane rundt på oppdagelsesferd i hagen, såg på hønene og leikte. 

Sjå fleier flotte bileter her.