Aurland kommune er ein organisasjon med om lag 200 tilsette. Me ønskjer oss medarbeidarar som har gode samarbeidsevne, står på og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Alle søkjarar må nytte vårt elektroniske søknadsskjema! Dersom du treng hjelp til registreringa, kan du ta kontakt med Beathe Ekhall Stentvedt på telefon 911 11 406.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt offentleggjort, må du grunngje dette i søknaden din. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Merk: Viss du er førstegangssøkjar må du opprette brukarnamn og passord for å logge deg inn. Eksterne søkjarar kan opprette dette sjølve eller også ringe personalkontoret. Kommunalt tilsette tek kontakt med personalkontoret. 

Politiattest/vandelsattest
Fleire av stillingane krev at det vert levert politiattest. På heimesida til politiet kan du lese om politiattest/vandelsattest. Her finn du òg eit eige søknadsskjema om politiattest.

Søk ledig stilling

På nettsida Framtidsfylket.no kan du finna spennande jobbar i heile Sogn og Fjordane.