Fast 34,15 % stilling som personleg assistent

Me har ledig 34,15 % fast stilling frå 1.08.20.

Frå medio september til medio november er det eit ledig vikariat i 76,76 % stilling i ordningen, det er og behov for
tilkallingsvikarar. 

Brukar har behov for assistanse til alle gjeremål. Han bur i eige husvære saman med familien sin.
Arbeidet går ut på å assistere brukar i praktiske gjeremål både i og utanfor heimen. Brukar er ivrig til å trene og du vil
vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukar sine
pårørande.

Du vil få opplæring i bruk av diverse tekniske hjelpemiddel.

Du må ha førarkort for personbil.

Du vil jobbe i turnus med vakter på dagtid og kveldstid måndag til fredag, samt ei helg 4. kvar veke. I periodar kan det
bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt. høgtid.

Fritidskontakt / støttekontakt

Vil du jobbe som fritidskontakt / støttekontakt?
Oppdrag som fritidskontakt/støttekontakt kan vere både meiningsfylt og spennande.
Som støttekontakt kan du hjelpa ein annan person å bli meir trygg på seg sjølv, og bidra til at den enkelte får ei meinigsfull fridtid og sosial deltaking.
Tenestemottakarane våre er personar med ulike behov for tilrettelegging.
Oppdraget som fritidskontakt/støttekontakt passar deg som er engasjert og ynskjer å hjelpe andre, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn.

Fast 100% stilling som avdelingsleiar i bu- og miljøtenesta

Tenesteining for bu- og miljø vart oppretta i 2018, og har ansvar for omsorg og oppfølging til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenester som heildøgnsomsorg, BPA, avlastning, støttekontaktteneste, omsorgsstønad er lagt til eininga, i tillegg til ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa. Eininga har drift i to bufelleskap med tilsaman 16 årsverk, og 9 årsverk i BPA-ordningar.
Som ein del av oppbygginga av eininga, etablerer me no ei 100 % stilling for avdelingsleiar. Avdelingsleiar vil jobbe tett med tenesteleiar om oppgåvene. Du vil ha ansvar for dagleg drift i bufelleskapa, inkludert personal- og turnusansvar. Avdelingsleiar vil ha arbeidsgjevaransvar for tilsette i BPA-ordningane, og følgje opp arbeidsleiarane i deira driftsoppgåver. Bu- og miljøtenesta har høgt fokus på fagutvikling og jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester for våre tenestemottakarar. Du vil ta del i den vidare utviklinga av eininga, og vert ein del av leiarteamet, i lag med tenesteleiar og to faglege leiarar som går i turnus. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Stillinga er ledig frå 1.09.2020.

Ledig vikariat 100 % stilling som vernepleiar/ miljøterapeut

Bu- og miljøtenester vart oppretta i 2018, og gjev omsorg og oppfølging til personar med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Den ledige stillinga er for tida plassert i to bufelleskap, som yter tenester til personar med ulik fungering. Den eine avdelinga har også ambulant funksjon. Avdelingane har fokus på fagutvikling og jobber aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester for våre tenestemottakarar. Vernepleiar/ miljøterapeut vil samarbeide tett med fagleiar i bufelleskapa. Vikariatet er knytt til ei foreldrepermisjon i avdelinga og er ledig frå september 2020 og intill eit år frem i tid, med mogelegeheit for forlenging.