Ledige stillingar - sommarvikarar 2019 - teknisk

Me har ledige sommarjobbar på teknisk i Aurland kommune. Sommarjobbane er fordelt på reinhald og uteseksjon. 

På uteseksjon er det planlagt å ta inn inntil 4 sommarvikarar fordelt på to grupper à 4 veker med oppstart rett etter skuleslutt for den første gruppa.
 
Søkjarar som ikkje har hatt sommarjobb i kommunen tidlegare vert prioritert.
 
Arbeidsoppgåver
Reinhald: 
Reinhald av kommunale bygg. 
 
Uteseksjon: 
Vedlikehaldsarbeid.
 
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
 
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". 
 
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er 
tilstrekkeleg.
 
Søknadsfrist 12.04.2019 
 
Kontaktperson
May Helen Andreassen Sverdrup, Daglig Reinhaldsleiar, mobil: 95984607
Tor Mikkel Tokvam, Nestleiar teknisk, mobil: 41202088, tor.mikkel.tokvam@aurland.kommune.no
Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut