Ledige stillingar - sommarvikarar 2019 i bu- og miljøtenesta

Me treng ferievikarar i perioden 17.06.19- 31.08.19. Tenesteeining for bu- og miljøtenester gjev omsorg og oppfølging til personar med omfattande og samansette behov, uavhengig av buform. Me treng vikarar i bufelleskapa våre, samt i tiltak som personlege assistentar i tenestemottakars heim (BPA-tiltak). Alle stillingar er i turnus med arbeid på helg, kor ofte kan variere. 
Kvalifikasjonar
For å dekke desse tenestene treng me vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
 
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeid, rettleiing og oppfølging av tenestemottakar i høve tiltaksplanar og vedtak 
Bistå tenestemottakar i dagleglivets gjeremål, samt praktiske gjeremål i bufelleskapa/ tenestemottakars heim
Legemiddelhandtering- opplæring vert gjeve
 
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
 
Søkjarar til stillingane må ha sertifikat.
 
Skriv i søknaden kor du ynskjer å jobbe, når du kan ta til og kor lenge du kan jobbe.
 
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest.
 
Sommarvikarane kan ikkje rekne med å få ferie i juli månad.
 
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". 
 
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har 
oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje 
valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er 
tilstrekkeleg.
 
Søknadsfrist 12.03.2019 
Gå til elektronisk søkjeportal her 
 
Kontaktperson
Christine Warholm Naasen, Tenesteleiar, mobil: 95984655, christine.naasen@aurland.kommune.no
Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut