Kommunevåpen Aurland kommune

Ledige stillingar for sjukepleiar/vernpleiar - Aurland helsetun

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

Aurland helsetun
fast 100 % stilling for sjukepleiar frå 01.11.2020
fast 80 % stilling for sjukepleiar/vernepleiar frå 25.01.2021

Me tilbyr
- kr 20 000 som rekrutteringtiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet til sjukepleiarar
- høve til fagutvikling  - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba   systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein god kvardag for bebuarane
- ein arbeidsplass i utvikling og endring
- eit godt arbeidsmiljø
- samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
- gratis bruk av kommunalt treningsrom/styrkerom

Arbeidsoppgåver
- bistand til bebuarar ved institusjonen
- pasientansvarleg sjukepleiar har fagansvar og er bindeleddet mellom avdeling, pasient/pårørande og andre eksterne instansar
- legemiddelhåndtering og administrering 
- dokumentasjon i journalsystemet Gerica
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar

Me søkjer deg som
-  er motivert til å jobbe innan eldreomsorg
-  arbeider sjølvstendig og målretta og samarbeider med andre
-  kan sjå løysingar og sammanhengar
-  kan iverksetje, følge opp og avslutte oppgåver

Kvalifikasjonar
-  du må ha autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
-  erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
-  søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Heimevakter er rekna inn i turnusen.
- om det blir aktuelt å ta ei ekstra heimevakt, blir denne betalt med ein faktor 1:3

Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    12.10.2020                                Utlyst dato        11.09.2020                           Vårref                         721

Kontaktperson

Ingrid Finden Bekkedal, Avdelingsleiar, mobil: 95984639, ingrid.bekkedal@aurland.kommune.no

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland