Frå 1.augst 2022 har Aurland Barne- og ungdomsskule  ledige to stillingar på inntil 100% og inntil 92% som fagarbeidar/assistent. Det kan vere moglegheit for forlengelse av stillingane. Den eine av stillingane vert å fylgje ordinært arbeidsår. Me søkjer fagarbeidar/assistent som er robuste, tydelege, har tolmod og er gode på relasjonsbygging. Me vil at du skal gjere ditt beste for å gje elevane ein meiningsfylt og trygg skulekvardag. Gjennom ditt engasjement vil elevane kunne oppleve eit trygt og inkluderande skulemiljø. Me ynskjer deg som ser elevane som heile menneskje og som forstår at tilhørigheit og det å få ei kjenlse å vere verdsett er ein forutsetning for å lære.

Aurland barne- og ungdomsskule er "ein skule for alle med blikk for den enkelte"

Visjonen til skulen vert konkretisert gjennom desse 4 tematikkane

* Kunnskap og læring

* Respekt og toleranse

* Trivsel og tryggleik

* Samarbeid og engasjement

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av å gje elevar praktisk, fagleg og sosial oppfylgjing. Det vil sei at du er ein aktiv deltakar og medspelar i læringssituasjonane til elevane. Støtte og hjelpe born  med ulike behov både sosialt og fagleg, for meistring av skulekvardagen. Det er og viktig at du er med på å reflektere og vurdere arbeidet i samarbeid med anna personal. Fylgje opp  faste rutingar og reglar, samt å bidra til eit godt føresettesamarbeid.
Stillingane innebærer også arbeid på SFO kor du då deltek i planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevane på SFO.

Vi tilbyr

- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum

- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad

- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen

- hjelp til å skaffe bustad

- hjelp til å skaffe barnehageplass

- hjelp til å skaffe arbeid til eventuell partnerved flytting til Aurland kommune

 

Kvalifikasjonar

- Fagbrev innan barne- og undomsarbeid eller anna relevant utdanning og/eller anna relevant erfaring

- Erfaring frå arbeid med barn/ungdom

- Gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

Du samarbeidar og kommuniserer godt

Du har eit inkluderande elevsyn

Du er strukturert, sjølvstendig og har god relasjonskompetanse

Du er fleksibel, løysingsorientert og er god på å samarbeide

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist    08.05.2022                                 Utlyst dato        27.04.2022                           Vårref                  823

Kontaktperson

Bjørg Henriette Gustavsen, tlf: 91700179, mobil: 91700179, bjorg.henriette.gustavsen@aurland.kommune.no