Tilsynshavar i Undredal kyrkje

LEDIG STILLING

Vår tilsynshavar har no fått seg lærlingeplass, og me søkjer difor etter hans etterkommar. Tilsynshavar ser etter teknisk anlegg i Undredal kyrkje ein gong i veka, har 2-månaderskontrollar og rykker ut på alarmar. Til saman utgjer stillinga ca. 60-70 timar pr. år. Det er ikkje faste tidspunkt arbeidet må gjerast på, so stillinga let seg godt kombinere med anna jobb, studiar eller anna.
Stillinga er godtgjort med ei lita fast månadleg godtgjersle i tillegg til timeløn.
Pga. vakt i samband med alarmar, søkjer me fortrinnsvis ein person busett i Undredal. Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja (Dnk).
Søknad må sendast til Aurland kyrkjelydskontor v/kyrkjeverja so snart som råd. Tilsetjing snarast.
Har du spørsmål om stillinga, so ta kontakt med Monica Finden på tlf. 95862520 eller Per Rune Underdal Skarsbø på tlf. 97665273.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland