Vertar/guidar Undredal kyrkje

Ledig stilling

Søknadsfrist 15. februar 2018.

Frå sesongen 2018 har kyrkjestyret valt å administrere opning og stenging av Undredal kyrkje sjølve. I den samanheng søkjer me ein eller fleire personar som vil vere kyrkja sitt ansikt utad.

Me tek imot grupper heile året, men hovudsesongen vil truleg vere frå mai til september. I hovudsesongen skal verten/guiden opne og stenge kyrkja til avtala tid, selje billettar og svare på enkle spørsmål evnt. guide. Søkjarar som beherskar fleire språk vert føretrekt. Opningstider (dato og klokkeslett) og korleis jobben skal utførast vert fastsett ut frå kor tid me får tilsette, samt språkkunnskapane til dei som vert tilsette.

Løn og tilsetjing etter avtale.

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja (Dnk).

Søknad med opplysning om kva periode du kan jobbe, må sendast til Aurland kyrkjelydskontor v/kyrkjeverja innan 15. februar 2018.

Har du spørsmål om stillinga, so ta kontakt med Monica Finden på tlf. 95862520.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland