Ledig stilling - SFO leiar ved Aurland barne- og ungdomsskule

Me har ledig 70 % vikariat som SFO-leiar og mogelegheiter for inntil 30 % vikariat som fagarbeidar.

Aurland kommune har ledig 70 % vikariat som SFO-leiar ved Aurland barne- og ungdomsskule frå 01.01.19- 31.12.19 med mogelegheit for forlenging. Det er også mogelegheiter for inntil 30 % vikariat som fagarbeidar ved Aurland barne- og ungdomsskule i same periode.

Aurland barne- og ungdomsskule ligg i kommunesenteret Aurlandsvangen. Skulen har 140 elevar frå 1. til 10.klasse, 42 barn ved SFO og eit velkvalifisert personale.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med pedagogisk utdanning og relevant praksis.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900.

Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist 18.12.2018

Kontaktperson
Ingrid Steine Bortne, Tenesteleiar, mobil: 48250306, ingrid.steine.bortne@aurland.kommune.no

Aurland barne- og ungdomsskule Foto ABU
Aurland barne- og ungdomsskule Foto ABU
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland