Ledig stilling - fagarbeidar/assistent i barnehage

I Vangen barnehage har vi ledig 100 %stilling som fagarbeider/assistent. Stillinga er mellombels/vikariat frå 01.02.19 - 31.12.19, med moglegheit for forlenging og fast tilsetting. Søknadsfrist 17.01.2019.

Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Flåm barnehage og Vangen barnehage. Vangen barnehage har tre avdelingar. Det er ca. 30 barn frå 1-6 år i Vangen barnehage frå nytt barnehageår. Flåm barnehage har ein avdeling. Det er ca. 18 barn frå 1-6 år i Flåm barnehage frå nytt barnehageår.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Arbeidsoppgåver som ligg tilstilling som fagarbeider

-omsette teoretisk kunnskap i praksis
-ha kunnskap om relevant lovverk
-ha kunnskap om barnehagen sine mål og andre sentrale overordna dokument
-medverke til at barnehagen når sine mål

Personlege eigenskapar

-vere tydlig rollemodell
-vere løysnings fokusert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå barnehagearbeid. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.
Det vert kravd gyldig politiattest.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Dugnad i Vangen barnehage 8  Foto  Foreldrerådsleiar Renèe Riksvold
Bilde frå dugnad i Vangen barnehage Foto Foreldrerådsleiar Renèe Riksvold
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland