Ledig stilling - engasjement i 100% stilling som reinhaldar

Me har ledig eit engasjement i 100% stilling som reinhaldar i perioden 01.05.2019 - 30.04.2020 med mogelegheit for fast tilsetjing. 

Tilsette i Aurland kommune kan ha fortrinnsrett til stillinga. 
 
Arbeidsoppgåver
- dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg i Aurland kommune.
- sikre at reinhaldsplanar vert fulgt
- yte service av god kvalitet
- bidra til godt samspel på arbeidsplassen
 
Kvalifikasjonar
Du må ha førarkort.
 
Det er ynskjeleg at du har fagbrev og/eller arbeidserfaring innan reinhald.
 
Før tilsetjing lyt det leggjast fram gyldig politiattest i høve lov om barnehagar / opplæringslova.
 
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som: 
- er serviceinnstilt og kvalitetsbevisst
- trivst med eit høgt tempo
- har eit genuint ynskje om å arbeide med reinhald
- snakkar norsk
- kan tiltre stillinga snarleg
 
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
 
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". 
 
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
 
Søknadsfrist 12.04.2019 
 
Kontaktperson
May Helen Andreassen Sverdrup, Daglig Reinhaldsleiar, mobil: 95984607
Tor Mikkel Tokvam, Nestleiar teknisk, mobil: 41202088, tor.mikkel.tokvam@aurland.kommune.no
Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland