Aurland kommune

tilbyr sjukepleiarar rekrutteringstilskot på kr 50 000 i tillegg til grunnlønn.

Kvifor arbeide i Aurland kommune? Me ligg sentralt med kort veg til både Sogndal, Førde, Voss og Bergen. Det er lett å kome seg til Oslo både med buss, tog og fly. Kommunen har gode tenestetilbod både for små og store, me har flotte alternativ innanfor idrett og kultur. Du kan boltre deg i symjehallen, vere med i kor, i musikkskulen har dei tilbod til dei aller minste og for den som er litt større er det bland anna gitar, trommel, bass og biletkunst med meir. Kommunen har ein flott idretthall der en kan drive med klatring, fotball, handball, friidrett med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Gol og Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri, og bakeri.

I heimebasert omsorg
er det ledig ei fast 100 % stilling for sjukepleiar frå snarast

Arbeidsoppgåver
- legemiddelhåndtering og administrering
- dokumentasjon i fagsystem etter gjeldande lovverk
- jobbar med velferdsteknologi/ kvardagsrehabilitering
- pasientansvarleg sjukepleiar
- ansvar for elektronisk meldingssystem- lege/sjukehus
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar
- yte nødvendig helsehjelp, tilrettelegging og stell
- oppfylging og revidering av sjukepleiefaglege prosedyrar
- medisinsk oppfylging og behandling
- heimebesøk og kartlegging av behov

Kvifor søkje jobb hjå oss
Me har eit godt og inkluderende arbeidsmiljø, me er opptatt av fagleg utvikling og det vert gitt høve til kompetanseheving i form av kurs og opplæring. Me har stort fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi, du vil få høve til å påverka morgondagensomsorg. Me nytta også digitale verktøy i oppfølgingsarbeid. Basen vår er sentrumsnært rett ved fjorden. Det er kort veg til omsorgsleiligheter og me nytta arbeidsbil i arbeidstida.

Kvalifikasjonar
-  du må ha autorisasjon som sjukepleiar
-  søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
-  må ha førarkort

Me søkjer deg som
er motivert til å jobbe innan heimebaserte tenester og er lærevillig, set brukaren i fokus, og er strukturert og målretta.
Vi arbeider både i team og sjølvstendig, det er viktig at du har gode kommunikasjonsevner og er ansvarsbevisst.
I løpet av ein arbeidsdag møter du mange ulike utfordringar, du bør vere løysingsorientert, og kunne iverksette, følga opp og avslutte oppgåver.
Vi legg vekt på personlege eigenskaper.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Turnus med arbeid kvar 3. helg.

Det blir stilt krav om ny politiattest jf. helsepersonellova.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist    15.07.2021                                 Utlyst dato        30.06.2021                           Vårref                  767

 

Kontaktperson
Marit Irene Aas Nesheim, Avdelingsleiar i heimebaserte tenester, mobil: 95984641, marit.nesheim@aurland.kommune.no