Ved Aurland barne- og ungdomsskule har me fast 100% stilling som inspektørVed 

Aurland barne- og ungdomsskule ligg i kommunesenteret Aurlandsvangen. Skulen har pr. oktober 125 elevar frå 1. til 10. klasse. Skulen har i overkant av 30 tilsette. Skulen arbeider kontinuerleg for å betre elevane sitt læringsmiljø og for å styrke elevane sin faglege og sosiale kompetanse. Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, ha ei positiv utvikling og tru på seg sjølv. Vi jobbar aktivt for at skulen skal ha ein høg fagleg kvalitet og ein tydeleg verdiprofil. Skulen har eit godt kvalifisert personale med brei kompetanse som sett oss i stand til å møte mange ulike utfordringar i ein samansett skulekvardag

Arbeidsoppgåver
- Inspektør vil vere fungerande rektor i rektors fråvær
- medansvar for budsjettarbeid, ressursstyring og timeplanlegging
- administrativt oppfølgingsansvar for både barne- og ungdomstrinnet
- medansvar for eksamensførebuing og -gjennomføring
- administrative oppgåver knytt til drifta av skulen
- medansvar for skulen sitt pedagogiske- og sosiale utviklingsarbeid
- medansvar for skulen sitt strategiske planarbeid, samt oppfølging og resultatanalyse
- ansvar for ulike saksfelt etter arbeidsfordeling
- medansvar for utvikling av profesjonsfellesskapet
- delaktig i oppfølging av lærarar og andre tilsette
- andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga etter nærare avtale med rektor, ut frå skulen sine samla behov

Kvalifikasjonar
- pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
- det er ynskeleg med utdanning innan leiing
- undervisningserfaring og relevant leiarerfaring er ynskeleg
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god systemforståing for kommunal drift

Me ser etter deg som
- har kjennskap til ulike adminstrative, digitale verktøy
- er ein entusiastisk og inspirerande leiar som evner å utvikle eit godt profesjonsfellesskap i ein lærande organisasjon
- har ein trygg, reflektert og tydeleg leiartil med klare visjonar for læring i ein skule for framtida
- likar å leie og evner å tilrettelegge for personalutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- må ha evne til å gjennomføre prosjekt og klart definerte arbeidsoppgåver
- er ein god lagspelar
- er aktiv, positiv, leiken og ein god teamdeltaker og kollega
- har stor ansvarskjensle
- er god på samarbeid, samhandling og kommunikasjon
- er innovativ, fleksibel, endringsvillig og lysningsorientert

Me tilbyr
Å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum. Du vert ein del av den felles kompetansehevinga skjulen har der me som kollegium lærar i lag.

Aurland barne- og ungdomsskule har ein god innarbeidd plan for lokalt entreprenørskap frå 1.-10. klasse der skulen samarbeidar med Sogn Jord- og hagebruksskule, Vestnorsk Fjordlansdskap, ViteMeir og lokale bedrifter.

Skulens visjon er "Ein skule for alle med blikk for den enkelte". Denne visjonen er konkretisert gjennom 1. Kunnskap og læring 2. Respekt og toleranse 3. Trivsel og tryggleik 4. Samarbeid og engasjement

- å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass, der arbeidsmiljø står i sentrum
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Sjå gjerne rekrutteringsfilmen vår her

Krav til språk
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Løns- og tilsetjingsilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generelt om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på telefon:  576 32 900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist: 0311.2022                     Utlyst: 20.10.2022                          Vår ref.: 860

 

Kontaktpersoner

Bjørg Henriette Gustavsen
Rektor
E-post: bjorg.henriette@aurland.kommune.no
mobil: 917 00 179

Beathe-Christin Ekhall Stentvedt
Leiar støtte og digitalisering
E-post: beathe.stentvedt@aurland.kommune.no
Mobil: 917 00 179