Du kan enkelt låne e-bøker frå biblioteka i Vestland. Alt du treng er BookBites-appen, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker, og får same tilbod uansett kva for kommune du bur i. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

Korleis gjer eg det?

  1. Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
  3. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.

Korleis er bokutvalet?

Det er nasjonale avtaler som ligg til grunn for at vi får kjøpe inn og låne ut e-bøker og digitale lydbøker. Utvalet er bestemt av kva bøker som kjem i kulturfondordninga, kva bøker vi har tilgang til å kjøpe, og kva midlar vi har til å kjøpe inn for.

Bøker som er nyare enn to år, kjøper vi inn i pakker på 10 utlån/lisensar. Når alle utlåna i pakkane er brukt opp, vil den neste lånaren ikkje finne boka.

Når det gjeld bøker som er eldre enn to år, har du tilgang til dei fleste e-bøkene som er utgjevne på norske forlag så lenge biblioteka har pengar att på budsjettet. Når månadsbudsjettet er brukt opp, vil mange av titlane forsvinne. Ved neste månadsskifte kan dei dukke opp att.

Utvalet av e-lydbøker er lite og svært dyrt i bruk. Det er difor avgrensa kor mykje lydbøker biblioteka kan tilby lånarane.