Kyrkja i Aurland
Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon: 458 75 686
Mobil: 95 86 25 20
Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje
Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland
Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.
Les merKyrkjevalet 2019 er gjennomført, og til saman 268 personar stemde. Valoppslutninga varierar frå sokn til sokn, og Vangen hadde 15,19%, Flåm hadde 38,15%, Undredal hadde 37,93% og Nærøy hadde 54,23% oppslutning.
Desse personane kom inn i kyrkjestyret:
Vangen sokn: Sigrid Sønnerheim Tønnessen og Sissel Aadnøy Aalen er faste, og Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stigen er vara.
Flåm sokn: Gerd Stave og Inger Lise Skjerlie er faste, og Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe er vara.
Undredal sokn: Leif Inge Underdal og Gunhild Stran Borlaug er faste, og Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy er vara.
Nærøy sokn: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun er faste, og Norunn Anny Larsen og Per Ramsøy er vara.
Me ynskjer dei lukka til med vervet i kyrkjestyret dei neste 4 åra.