Kvar ligg Aurland?

Aurland ligg ligg i indre sogn, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi er omlag 1700 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi og bygdene Bakka, Styvi og Dyrdal i verdsarvfjorden- Nærøyfjorden

Lærdalstunnel 07.03.2009 Foto: ALR Noralv Distad
Lærdalstunnel 07.03.2009 Foto: ALR Noralv Distad

Frå Aurland er det kort avstand/distance til -

Oslo 332 km
Geilo 105 km

Lærdal 32 km
Sogndal 60 km
Førde 165 km

Voss 71 km
Bergen 174 km

 

Flåmsbana Foto: Svein OLav Haukedal
Flåmsbana Foto: Svein OLav Haukedal

Du kan komme til Aurland med tog ned Flåmsdalen - Flåmsbana. Eller med buss eller bil over fjell eller gjennom tunnel - Lærdalstunnelen eller Gudvangatunnelen. Du kan og reise til Aurland med hurtigbåt frå Bergen/Sogn og inn Aurlandsfjorden.

Frå Aurlandsvangen til Flåm er det 8 km, til Undredal 20 km og til Gudvangen 26 km. Frå Aurlandsvangen til Vassbygdi er det 10 km.

 

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet Foto Noralv Distad
Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet Foto Noralv Distad

Aurlandsfjellet

Nasjonal Turistveg, fjellvegen mellom Aurland og Lærdal er open for biltrafikk 1. juni til ca 15. oktober. Frå Aurland til utsiktspunktet Stegastein (7,5 km frå Aurlandsvangen) er vegen open heile året. Vegen over Aurlandsfjellet, avstand Aurland - Lærdal er 48 km.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland