Kursplan norsk A2 – 48 timar - Flåmsbrygga vinteren 2020 

No er det 11 påmeldte og 4 ledige plassar på kurs i norsk A2 i Flåm, som skal starte måndag 27. januar.

Om ein har aktuelle tilsette som tenkjer å ta kurset, anbefaler Folkeuniversitetet at dei nytter deira gratis nivåtest for å sjekke kva dei kan i norsk frå før.
For å ta norsk A2 bør ein nyleg ha gjennomført norsk A1 eller ha litt kunnskap i norsk frå før. Ein bør kunne snakke og forstå norsk på grunnleggjande nivå.

Aurland Kommune dekker som på tidlegare kurs i Flåm, halvparten av utgiftene, som denne gong er på totalt kr. 6450,- Det er 15 plassar tilgjengeleg. Dei som skal vere med, kan melde seg på ved å klikke her.

Dette blir truleg det einaste tilbodet no i vårsemesteret 2020. Folkeuniversitetet håpar å kunne setje i gong norsk B1 til hausten 2020.