Målgruppe
Styrar og assisterande styrar i verksemd som har, eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve.

Kriterium
Kunnskapsprøven om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Du vil få 45 minutt til å svare på prøven. For å ha stått til prøven, må 16 av 21 svar vere riktige.
 
Pris
Før du tek prøven, må du betale inn eit gebyr på kr 400,-.(pr. 2015) Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.
 
Rettleiing
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta kunnskapsprøven. Opplysningar om kunnskapskrav til kunnskapsprøven og søknadsskjema får du ved å ta kontakt med Kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.
 
Handsaming
Når du har stått til kunnskapsprøven, får du utlevert eit bevis.
 
Klage
Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven om att.
 
Merknader
Personar som har tilknyting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (tog, fly, forsvaret sine befalsmesser), kontaktar Statsforvaltaren.