Kva er ein demensplan?
Demensplan skal syne vegen for utvikling av demensomsorga i kommunen. Målet med planen er at kommunen sine tenester skal ivareta innbyggjarane, og at personar med demenssjukdom og deira pårørande skal oppleve god kvalitet i tenestene. Planen er utarbeidd på bakgrunn av nasjonale og lokale føringar, samt faglege retningslinjer. Planen skal ha ei heilskapleg tilnærming både ut i frå eit brukarperspektiv og når det gjeld den kommunale organiseringa av tenestene, samt omhandle alle trinn i omsorgstrappa. Den vil vektlegge mogelegheitene i samspelet mellom ulike typar tenester og aktørar der tverrfagleg samarbeid og forløpstenking har eit tydeleg fokus, og det vert føreslege tiltak som forbedrar heile breidda i tenestetilbodet, frå førebygging og diagnostisering til døgntenester.
Les og kom med innspel
Demensplan 2024 - 2034 til ekstern høyring.pdf
Frist for å kome med innspel er 18 oktober.
Send dine innspel til e-post: post@aurland.kommune.no
Merk e-posten din med Sak 2024/1346