19. jan. 2021 kl. 13:35

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Elevavgift

Kulturskulen 2021

Musikkbarnehage/musikkleikestove/grunnopplæring: kr 1.000,- pr. semester (per år kr 2.000,-).
 
Biletkunst  kr. 1.400,- pr. semester
 
Individuell undervisning på instrument 
Barn      kr. 1.400,- pr. semester
Student  kr. 1.500,- pr. semester
Vaksen  kr. 1.800,- pr. semester
 
 
Andre gebyr:
Sal av dirigent  kr. 41.200,- 
Leige av lyd utstyr lag og organisasjonar kr. 500,-
Leige av Iydutstyr eksterne/kommersielle kr. 1.100,-
Bruk av musikklærer til eksterne prosjekt pr time kr. 500,-
 
Påbegynt semester må betalast fullt ut. Inn- og utmelding må skje skriftleg (frist 20. juni 2019).
 
Søskenmoderasjon
Første elev betalar full avgift. Deretter gjeld 50% moderasjon pr. søsken. 50 % moderasjon gjeld berre på eitt instrument.
 
Instrumentleige
Musikk- og kulturskulen har ein del instrument til utleige. Pris kr 500,- per år.

 

eFaktura

Få rekninga som eFaktura

Aurland kommune tilbyr eFaktura til sine kundar.

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt i nettbanken. Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner med eit klikk.

I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte rekningar – uansett kvar du er.

 

eFaktura medfører at rekningane vert sendt til deg ferdig utfylt til nettbanken din i staden for i postkassen. Du slepp såleis å bruke unødig tid på inntasting av lange KID- og kontonummer. Du kan gjere eigne endringar før du godkjenner betalinga. eFakturaer som allereie er betalt, ligg tilgjengeleg i nettbankarkivet ditt i 16 månader.

Det vil også vere mogleg å kombinere eFaktura med avtalegiro. Du vil då få faktura med spesifikasjon tilsendt elektronisk til din nettbank, medan trekket vil skje automatisk ved forfall.

Avtale om eFaktura med Aurland kommune teiknar du sjølv i nettbanken din.

For meir informasjon, sjå internettadresse www.efaktura.no  eller kontakt økonomiavdelinga, tlf. 57 63 29 53.