• Aurland kommune prioriterer tiltak som er retta mot barn og unge
  • Det er ei fast hovudtildeling av midlar ein gong i året
  • Kommunedirektøren tilrår, og Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak
  • Det kan søkjast om tilskot til drift, særskilde tiltak/prosjekt, målretta ungdomstiltak/prosjekt og lagsverksemd.
  • Det kan søkjast om tilskot til drift av forsamlingshus.
  • Det skal lagast ein rapport som syner og gjer greie for kva årets tildelte kulturmidlar er brukt til. Frist for rapporten er 31. januar etter tildelinga.
  • For å kunne få støtte til kulturmidlar er det eit minimum at årsmelding og rekneskap ligg ved søknaden

Retningsliner kan hentast på heimesida til kommunen

Retningsliner for kulturmidlar i Aurland  eller ved kultureininga på Heradshuset

 

Søkjarar må nytte elektroniske søknadsskjema, som ligg på heimesida til Aurland kommune.

Ta kontakt med kultureininga eller kommunetorget, dersom de treng hjelp til utfyllinga. Det er viktig at både søknad og vedlegg kjem inn samla, og til rett tid.

Søknadsfrist 15. mars for 2023. NB!! Ny frist 1. februar for 2024

Søknadsfristen må haldast.