Kulturmidlane skal ha som føremål å støtte opp om kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar. Det skal leggjast tilrette for å skape aktivitetar og å gje høve til eit allsidig og omfangsrikt kulturliv i heile kommunen.

  • Aurland kommune prioriterer tiltak som er retta mot barn og unge
  • Det er ei fast hovudtildeling av midlar ein gong i året
  • Rådmannen tilrår, og Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak
  • Det kan søkjast om tilskot til drift, særskilde tiltak/prosjekt, lagsverksemd og utbetring av forsamlingshus og utandørs aktivitetsanlegg
  • Det må leggjast ved dokumentasjon på kva førre årets tildelte kulturmidlar er brukt til. Dette kan gjerast i samband med rekneskapen eller som eit eige vedlegg
  • For å kunne få støtte til kulturmidlar er det eit minimum at årsmelding og rekneskap ligg ved søknaden

Retningsliner og søknadskjema finn du her.

Søkjarar må nytte elektroniske søknadsskjema, som ligg på heimesida til Aurland kommune, under ’tilskotsordningar”. Ta kontakt med kultureininga eller kommunetorget, dersom de treng hjelp til utfyllinga. Det er viktig at både søknad og vedlegg kjem inn samla, og til rett tid.

 

Søknadsfrist 15. mars kvart år

Søknadsfristen må haldast