Kristine Dyrdal 100 år

7. januar fyller Kristine Dyrdal 100 år. Aurland kommune gratulerer så mykje med den store dagen.

Kristine Dyrdal er fødd i 1919 og budde i Dyrdal heilt fram til 2003, då flytte ho til Helsetunet i Aurland.
Kristine har lagt ned ein enorm arbeidsinnsats på heimegarden. Ho har vore husmor,  budeie og elles aktiv i alt gardsarbeid. 
I mange år var det ho og broren Jens som dreiv garden i lag, med hest, 3 – 4 kyr, 60 – 70 geiter og 30 sauer.
Dei som kjenner Kristine seier at det er så lett å bli glad i ho. Ho har omsut for dei i kring seg, har godt humør og er veldig glad i dyr.
Kristine er ein verdig representant for bondekvinnene og deira samfunnsnyttige innsats. 

Det er ei  stor ære å heidra Kristine Dyrdal på 100-års dagen, i djup takksemd for ein lang og trufast arbeidsdag.

Noralv Distad
Ordførar 

Kristine Dyrdal og Ordførar Noralv Distad
Kristine Dyrdal og Ordførar Noralv Distad
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland