Born mellom 5 og 12 år (årskull 2010-2016 + dei i 2017 som har fylt 5 år). 

Vi har fått inn Cominarty (Pfizer) vaksiner til born mellom 5 og 12 år. 

Friske born har normalt eit mildt forløp av korona og har difor ikkje trong for vaksinen for vern mot alvorleg sjukdom. 

Helsemyndigheitene har likevel bestemt at alle born der foreldre/føresette og born ynskjer vaksine, skal få tilbod om det. Foreldre/føresette må samtykke skriftleg til vaksina. Der det er to med foreldrerett, må begge samtykke til vaksina. 

Born med alvorleg grunnsjukdom kan ha risiko for alvorleg forløp av korona, og er difor tilrådd å ta i mot vaksina. 

Dette er til dømes medfødd alvorleg immunsvikt, aktiv behandling for kreft eller sterkt immundempande behandling. Desse borna har ofte allereie diskutert og evt fått tilrådd vaksina frå sine behandlarar i spesialisthelsetenesta. Dei er tilrådd 2 doser med 8-12 vekers mellomrom. 

Andre born som kan ta i mot vaksina for betre vern av seg sjølv eller nære personar.  

  • Born med andre kroniske sjukdommar (t.d. behandlingskrevjande astma) 
  • Born med familiemedlemmer eller andre nære med særs høg risiko for alvorleg koronasjukdom. 
  • Born som skal reise til land med høgare risiko for smitte eller dårlegare tilgang til helsetenester. 

For desse vil ein dose gje godt nok vern. 

For born som har hatt korona, reknast dette som ein vaksinedose. 

Vaksineringa av born mellom 5 og 12 år vil gå føre seg på helsestasjonen, med drop-in vaksinering følgjande dagar:

Torsdag 10.febr kl 11-13.30
Torsdag 17.febr kl 11-13.30

Her kan barn møte opp saman med ein føresett. Barnet må ha fylt 5 år før vaksinering. Ingen born blir kalla inn til vaksinering. Hugs utfylt og signert samtykkeskjema, signert av begge føresatte.

Ved spørsmål om vaksineringa, kontakt helsesjukepleiar på tlf 95984640.

Unge mellom 12-15 år (årskull 2006-2009)

For desse gruppene er det tidlegare gitt tilbod om 1 dose korona-vaksine.
Desse ungdommane blir kan no få 2 doser med korona-vaksine.
Det må gå minst 8 veker mellom dose 1 og 2.
Gjennomgått korona-infeksjon blir rekna som 1 dose.
Foreldre/føresette må samtykke skriftleg til vaksina for alle under 16 år.
Der det er to med foreldrerett, må begge samtykke til vaksina. 
Desse unge får tilbod om vaksinering denne veka (veke5)
Hugs å ta med signert samtykkeskjema frå begge med foreldrerett ( der det er to). 

 Informasjonssider: 

Les meir om vaksine til born på helsenorge 

Informasjonsark om korona på FHI.no. Kan skrivast ut.