Stad: Aurlandshallen (AIS)

Tid: Måndag 22.aug og tysdag 23.aug, begge dagar kl 10-15

Me oppmodar dei over 75 år om å møte måndagen og dei mellom 65-75 om å kome tysdag, for å fordele folk og unngå mykje kø og ventetid.

Personar i alle aldre som ikkje har fått tre doser vaksine, kan også kome for vaksinedose 1, 2 eller 3 desse dagane. Merk at det må vere minst 4 månader sidan siste vaksinedose, og 3 veker etter gjennomgått koronasjukdom – før du kan få ny vaksinedose.

Når det gjeld 4.vaksinedose for risikogrupper og andre under 65 år, vil folkehelseinstituttet kome med nærare vaksine-tilrådingar etterkvart. Desse gruppene vil difor ikkje bli tilbudt vaksine i denne omgongen.