Oppdatert info frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot korona

Korona - tiltak i kyrkja

Biskopen i Bjørgvin har følgjande pålegg, som gjeld frå 12.mars til og med 26.mars:
- Alle gudstenester blir avlyste.

- Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades (maks femti personer), unnatak må godkjennast i samråd med kommunelegen.

- Dåp kan gjennomførast dersom det særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vere eit alternativ.

- Vigsler (bryllup) kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsel kan vere eit alternativ.

Konfirmasjonsgudstenestene
Mange lurer på om det vil bli konfirmasjonsgudstenester som planlagt i vår. Det er mogeleg at desse gudstenestene kan bli utsett, kanskje heilt til etter sommaren. Men dette vil biskopen ta stilling til seinare.

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  458 75 686
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland