Det er sannsynlegvis omicron-varianten av koronaviruset som også er her i kommunen no. Dette gir i hovudsak mindre alvorleg sjukdomsforløp enn tidlegare variantar. Dei fleste i risikogruppene er også vaksinert med tre doser - noko som gir god beskyttelse. Dette gjer at det er trygt å halde samfunn og aktiviteter i gong. Tilrådingane i Aurland blir difor også framover å unngå avlysingar av aktiviteter så langt det let seg gjere. Spesielt er det viktig at aktiviteter for barn og unge blir oppretthalde. Smittetala i kommunen vår tilseier ikkje noko ekstra restriksjonar – men det er viktig å følgje dei nasjonale råd og føringar som gjeld.  

Frøydis Gullbrå
Smittevernlege