• unngå reise til dei kommunane som no har stengt ned: Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås, Indre Østfold og Moss
  • alle som har vore eller kjem frå desse områda til Aurland vert oppmoda om å gå i sjølvpålagt karantene i 10 dagar og du bør teste deg på dag 3 og 7

Aurland kommune ber innbyggarane om å ikkje reise til desse områda, samstundes oppmodar me om at personar frå desse områda unngår å besøke Aurland.

Dersom verksemdene i Aurland har innført eigne interne reglar må tilsette følgje desse.

Testing

Ynskjer du å ta koronatest så må du ringe legekontoret på telefon 57 63 29 99 før kl. 11.00 for å bli testa same dag. Testing skjer kl. 12.30 på sjøsida av Fjordsenteret, bakdør til legekontoret.