Du kan gje innspel til utarbeidinga av samfunnsdelen fleire gonger:

1. Høyring av planprogram

Planprogrammet fortel korleis samfunnsdelen skal utarbeidast, blant anna korleis medverknad skal føregå, kva hovudtema som skal utgreiast og framdriftsplan. Politikarane og representantar frå dei ulike einingane har vore med på å utarbeide planprogrammet gjennom to arbeidsmøte. Planprogrammet skal opp til politisk behandling i formannskapet 26.nov 2020. Etter dette vert planprogrammet lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, og då kan du kome med innspel. Alle innspela vil bli vurdert og planprogrammet blir justert deretter. Planprogrammet blir vedteke etter nyttår. 

2. Temamøte

I januar 2021 har kommunen tenkt til å arrangere fleire temamøte som mellom anna omhandlar kva me vil at Aurland skal vere i framtida, næringsutvikling, beredskap, klima og fritidstilbod. Det er lagt opp til fire temamøte og møte med andre aktørar som barn og unge, eldre og andre interessegrupper. Det er framleis usikkert om det kan arrangerast fysiske møte pga smittevern, dersom dette ikkje er mogleg vil det bli arrangert eit digitalt opplegg. Me ønskjer at flest mogleg deltek på møta eller sender inn eigne innspel i denne perioden. Meir informasjon kjem etter kvart. 

3. Høyring samfunnsdel

Etter møta i januar kjem politikarane og representantar frå dei ulike einingane til å arbeide med innspela som har kome inn. Deretter blir det laga til eit utkast til samfunnsdelen som etter planen skal leggjast ut på høyring i april. I denne perioden kan du kome med innspel, men det er sjølvsagt mogleg å kome med innspel til kva du meiner bør vere med i samfunnsdelen før høyringa òg. Etter høyringsperioden er ferdig vil alle innspela bli vurdert og samfunnsdelen vert justert deretter. Samfunnsdelen skal etter planen bli vedtatt i juni 2021.