I samband med at områdereguleringa for Flåm er lagt ut på høyring, vil kommunen ha eit par opne kontordagar i Flåm. Der kan dei som ynskjer stikke innom for ein prat, med moglegheit for å stille spørsmål til og ytre sine meiningar om planen.
Sakshandsamar vil vere tilgjengeleg i Aurland hamnevesens lokalar, på cruisekaia i Flåm
onsdag 16/6 frå kl. 12:00 til 18:00, og
måndag 21/6 frå kl. 08:00 til 15:30.
På grunn av smittevernsomsyn må vi føre påmelding.