Utsikt mot Skjerdal

Konsesjon til Skjerdal kraftverk

Olje- og energidepartementet (OED)  har  i november 2018 gjeve Skjerdalskraft as løyve til å byggja og driva Skjerdal kraftverk OED har såleis  teke klage frå utbyggjar til følgje og omgjort tidlegare avgjerd i NVE der dei sa nei til prosjektet.

OED skriv dette på si heimeside:

"Skjerdal kraftverk i Aurland kommune i Sogn og Fjordane Departementet har omgjort NVEs avslag på konsesjonssøknaden om Skjerdal kraftverk. Kraftverket kan bidra med en årlig produksjon på om lag 20 gigawattimer (GWh). Det tilsvarer kraftforbruket til rundt 1000 husstander. Skjerdal kraftverk vil etter justerte planer etableres med vannvei i tunnel på hele strekningen mellom inntak og kraftstasjon. Departementet mener at Skjerdal kraftverk med dette vil ha begrensede konsekvenser for landskap, naturmangfold og andre interesser sett opp mot mengden ny fornybar kraftproduksjon."

Ordførar Noralv Distad seier at dette er ei svært positiv avgjerd for Skjerdalskraft, grunneigarane i Skjerdal og for Aurland. OED sitt vedtak er fullt ut  i samsvar med Aurland kommune sitt syn, vedteke  samrøystes  i kommunestyret 1. november 2018.  Aurland kommune har i heile prosessen sett på dette som eit godt og framtidsretta prosjekt. Grunneigarane kan skapa verdiar som styrkjer næringsgrunnlaget deira, det vert produsert klimavennleg og fornybar kraft og miljøet vert i svært liten grad skadelidande. Vedtaket stadfestar og at tiltak som ligg nær, men utanfor eit verneområde kan realiserast.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland